Historien om Selstali Seter

Selstali Seter, staulen på solsida av Gaustatoppen.
Over 100 år familietradisjon

Første generasjon 1900 -1916  Helge og Olav Tovsen Asland

Olav Tovsen Asland var gift med Helge Sveinsdotter Bøen.  Dei kjøpte Nordigard Bondal i Tuddal i 1904.  På den tid hadde Sam Eyde kjøpt eigedomane Svadde og Mæland i Vestfjorddalen til industriføremål.  Staulane til desse garsbruka var Selstali og Lislestaul i Gausdalen.  Desse var no ledige for ny beitebesetning.

Olav Tovsen og Helge forpakta seterhamn her.  Det passa bra, for turen frå Bondal gjennom Bjønndalen til Selstali var ganske kort og beitet var godt.

Næringsrik grunn med oppstikk av kalkrike mørke bergartar i tillegg til god vasshushaldning, gav godt smylegras og sikkert beite også i tørre somrar.

Olav Tovsen og Helge forpakta febeitet fram til 1916.

Andre generasjon: 1916-1957 Signe og Tov Asland

Olav Tovsen og Helge fekk fem gutar.  Dei to eldste, Svein og Tov, fekk ei sentral rolle i historia om Selstali. Saman kjøpte dei Selstali og Lislestaul i 1916 og 1918 av K.S. Haddeland og T.O. Stranderud for kr 7000.

Svein blei gift med Gunhild f. Hagen frå Austbygde. I 1916 blei Tov gift med Signe f. Bondal. Svein og Tov skulle bruke beitet annakvart år.  Signe fekk kyr i medgifte og var på Selstali saman med svigermor Helge alt frå 1916. Det var ikkje så mange åra at Svein og Gunhild var på staulen. Signe og Tov tok med buskapen deira og blei med dette faste drivarar på Selstali kvart år i mange år. I denne perioden var det mange som kjende Selstali best som Aslandsetra.

Tov og Signe eigde og budde på garden Asland i Gjøystdalbygde.  Vegen til Selstali  gjekk vestover og var lang og tidkrevande.  Bukøyring vår og haust var ei reise til fots på 12-14 timar.  Denne reisa kravde god planlegging. For å vite om det var beite nok i Gausdalen, tok Tov ein rusletur til Gjerdalen for å sjå på beite der. Var det beite nok i Gjerdalen var det også i Gausdalen.

Ved jonsoktider kvart år reiste Tov med hesten Sonja i førevegen med vogn og staulsutstyr som måtte kløvjast på plass til budeia og dyreflokken kom.  Før bukøyringa starta vart dyra mjølka før dei la ut på kvelds- og nattevandringa mot Rjukan.  Det var pause ved Petersborg. Da var klokka blitt litt over midnatt, men Åse Ørnes stilte opp med mat og drikke og dyra fekk kvile.  Rjukan nådde dei ved 4 tida om morgon. Mange var oppe tidleg for å sjå, men kanskje mest for å hente etterlevningane etter kyrne.  Ingenting kunne erstatte husdyrgjødsel i rosebedet.

Siste etappe var frå 313 bygget på Såheim og opp den bratte lia til Gausdalen.  Denne reisa var det kun Telemarkskyrne som klarte, dei klatra nesten som geiter. Framme på Selstali venta løn for strevet. Først mjølking og så saftig fjellgras. I tillegg til Signe og Tov var også seterhjelpa på plass.  Det var som oftast yngre jenter, men også hjuringgutar som gjerne kom frå nær familie eller grannelag.  Dagsrytmen for seterfolket var lagt.  Mjølking, separering, ysting, kinning og primkoking var no kvardagen for seterfolket fram til Krossmess den 14.september. I tillegg til eiga besetning var det vanleg for Signe og Tov å ha med leigedyr som kom frå både Austbygde og Gransherad. Kuflokken telde vanlegvis eit 20-tals produksjonsdyr, men på det meste hadde Signe ansvar for 32 kyr til mjølking i tillegg til ungdyr som var med flokken. Leiga for sommardyra blei betalt i «forsakt» som var smør, ost og prim.  Dette gjekk inn i mathushaldet til dei som eigde dyra.

Tov og hesten Sonja var eit viktig tospann og arbeidslag på Selstali. Ansvaret deira var alt frå å få ved fram til koking og ysting, men også frakting av smør, prim og ost ned til Rjukan Meieri og kvardagsvarer tilbake til staulen.  Tov og Sonja gjekk Såheimslia med kløv til Rjukan fleire gonger i veka.

I 1933 blei det bygd nytt fjøs på Selstali med 27 båsplassar.  I 1940 kjøpte Tov Asland ein ½ part av Gråvåstaul som er naboeigedom til Selstali og Lislestaul.  Tov og Signe hadde soleis ein ½ part i Selstali, Lislestaul og no også Gråvåstaul.

Tov Asland hadde ønskje om veg til Selstali.  Det såg ut som at dette skulle gå i oppfylling på 1930-talet da vegsamband mellom Tinn og Tuddal var planlagt å gå gjennom Gausdalen. I denne perioden var det trangt om arbeid.  Det blei iverksett nødsarbeid der to arbeidslag skulle starte på dette vegprosjektet.  Det eine laget starta ved Vemorktoppen og det andre frå Reisjå. Målet var å møtast i Gausdalen. Arbeidet var godt i gang da planen om VM i utfor på ski skulle arrangerast frå Gaustatoppen i 1940.  Arbeidslaga vart da trekt ut og sett i ordinært arbeid for å få til Svineroevegen.

Det vart ingen veg til Selstali i denne omgang.  Drifta held fram etter gamal oppskrift fram til og med sommaren 1957.  Tov døydde om hausten 74 år gamal. Staulslivet på Selstali var over for denne gong.

Tov og Signe hadde 2 barn, Helga (f.1917) og Margit (f.1918).  Helga fekk hovudbøle Asland med staulane Gjerdalen og Nivstjønnan. Margit fekk Asland sine eigedomspartar i Gausdalen samt Subrekke. Helga sin part blei skjøta over til ektefelle og svigerson Hans Lilleland og Margit sin part blei skjøta over til ektefelle og svigerson Knut Røysland.  Slik var det den gong.

1958 – 1973 stille på Selstali

Det var stille i Gausdalen.  Ingen staular var lenger i drift. Selskapssetra (Såheimssetra) til Norsk Hydro blei lagt ned i 1955.

Utover på 60-talet blei staulsbua på Selstali blei brukt av jegerar og fiskarar. I denne perioden blei den gamle utbua med jordgolv og plankeveggar gjort om til eit «moderne» kjøken med furugolv og isolerte veggar.  Materialane som trongst blei køyrt inn frå Bondal på vinterstid.

Gausdalen Fjellplanlag skipa i 1968. Dette var eit samarbeidslag mellom alle grunneigarane frå Vemorktoppen i vest til Skriustaul i aust. Målet var felles utnytting av jakt, fiske og turisme. På same tid var arbeidet på gang med ei 300 kV straumline frå Kvildal på vestlandet til Flesaker på austlandet. Planen til NVE var at når linearbeidet nådde Vestfjorddalen skulle det lagast anleggsveg til Klokksåsen.  Derifrå skulle det brukast beltegåande køyretøy og helikopter.

Veg til Gausdalen

Da var det at Knut Røysland, i samsvar med svigerfar Tov Asland sitt ønskje, tenkte veg til Selstali.  Møte med NVE vart halde og med Hydro på laget vart dei samde om at vegen til Gaustdalen kunne byggjast mot at grunneigarane på aktuell linetrase ikkje kravde skjønserstatning for grunnavståing.  Vegen blei bygd inn til delet mellom Selstali og Hydro der lina tok av mot aust under Gaustakneet.  Dei siste 900m inn til Selstali måtte daverande eigarar av Selstali, Olav Asland og Knut Røysland ta av eiga lommebok. Tinn kommune avviste søknaden om tilskot, men godkjende at vegen kunne byggjast.  Vegen som Tov Asland drøymde om vart realitet hausten 1973.

Tredje generasjon: 1974 – 1984 Margit og Knut Røysland

Sommaren 1974 var Margit og Knut på Selstali med 4 kyr og nokre ungdyr.  Det var da gått 28 år sidan sist det var beitedyr på staulen.  For første gong i historia kom dyra til stauls i lastebil.

Det nyoppstarta staulslivet var meir enn berre mjølking.  Foredling av mjølk til ekte seterprodukt var sjølvaste «juvelen» i seterlivet.  Mjølking av kyr, separering av mjølk, ysting av ost, kinning av smør og koking av prim kravde både fagleg innsikt, sterke armar og god rygg.  Margit hadde lært dette av mor si. Birgit Signe, dotter til Margit og Knut, var ein sentral medhjelpar på staulen frå oppstart i 1974 og i 9 somrar framover til 1982.

Knut var ikkje veldig mykje på staulen.  Han hadde slått heime og arbeid på Jordstyrekontoret.  Knut blei frå tid til anna sett til separering og kinning.  Da var tankane ikkje langt unna straum og motor. Han likte alt som sveiv og letta kvardagsarbeidet og sommaren 1976 kom det eit lite Bosch strømaggregat på 1500W på plass. Det blei også montert ei Alfa-Laval vakumpumpe med eigen motor.  No kunne ein bruke mjølkemaskin på staulen. 

I 1977 blei det lagt vassleding på ca. 300 m til Tjønnsetbekken.  Eige tykkvatn erstatta no den gamle brønnen på staulsvollen der ein fram til no hadde bore vatn i bøtter. Margit og Knut hadde no 5 kyr og 5 ungdyr på staulen.

Delar av mjølka produsert på staulen hadde blitt køyrt ned til Rjukan Meieri, men ettersom åra gjekk blei stadig mindre mjølk køyrt ned ti meieriet.  Foredlinga på staulen voks i omfang og kundane som ville ha smør, ost og prim blei stadig fleire.  Selstali var no blitt ein arbeidsplass der det var folk tilstades heile døgnet heile sommaren. Det blei stadig vekk kokt meir rømmegraut og fleire turistar kom innom og ønskte eit måltid med ekte setermat.  Slik var oppstarten med turisme og servering på Selstali.

Kurs i seterstell

Sommaren 1980 hadde Birgit Signe det faglege ansvaret for gjennomføring av eit 10 dagars kurs i seterstell i regi av Bygdefolkets studieforbund. Kurset var på Selstali og 6 deltakar var med. Tilsvarande kurs vart også halde i 1981.  Som eit resultat av det faglege innhaldet i desse kursa, blei 4H-oppgåva «Seterstell» sett i produksjon og ferdigstilt i 1995.

Sommaren1982 blei det bygd nytt mjølkerom som ei forlenging av fjøset. Ein del av dette rommet var laga for aggregat og samstundes fekk separatoren motor.  Dette året kom det også nytt dieselaggregat, Mase Tiger på 3kW med sjølvstartar som var sterkt nok til å dra både mjølkemaskin og separator på same tid og lys i fjøset.

Første mobiltelefon kom til Selstali i 1982. Den viktigaste funksjonen var kommunikasjon mellom garden og staulen. Telefonen trong straum frå bilbatteri med eigen solcelle.

Kinna fekk motor i 1983. Løysinga låg i ein motor frå ei avdanka vaskemaskin. Sveiva var bytt ut med reimskive.

Trafikken auka og ønskje om større plass meldte seg. Spesielt blei det behov for større private rom for folka som hadde arbeidet sitt på Selstali og hausten 1983 blei tomta til den nye «pivaten» graven ut.

Fjerde generasjon: 1984 – 2016 Nanfrid Ranheim Røysland og Sigmund Røysland

Garden Røysland blei overført til sonen Sigmund i 1984. Han blei gift med Nanfrid Ranheim frå Rindal på Nord Møre. Dei fekk barna Marit og Åse. Nanfrid, Sigmund og barna flytte frå Ås i Akershus til Tinn i 1986. Alle var kjende med seterdrifta på Selstali sidan dei hadde vore med Margit og Knut på staulen i både arbeid og opplæring.

Sommaren 1986 var dyretalet på Selstali auka til 8 mjølkekyr og 6 ungdyr. Det nybygde fjøset på Røysland hadde plass til 12 kyr med påsett og av den grunn var dyretalet på staulen aukande.   Nanfrid, Sigmund og barna var no langt sterkare med i kvardagslivet på Selstali, men Margit held fram som sjefsbudeie i 1987 og 1988, men frå 1989 tok Nanfrid over dette ansvaret.

Starten på turismen

Sommaren 1987 fekk Selstali ei utfordring frå Per Pynten Norsk Hydro AS.  Han planla tur til Selstali for kulturutvalet i Norsk Hydro AS.  Det var ei gruppe på over 40 personar som ønskte full serveringspakke med ekte setermat.  Så stor gruppe hadde ikkje vore på Selstali tidlegare og det fanst heller ikkje husrom til så mange.  Etter Per Pynten si overtalingsevne, blei eit vellukka arrangementet gjennomført i fint sommarvêr.  Marit og Åse starta på felekurs etter at dei flytte til Tinn.  Saman med mentor Arne Olesrud spela dei hardingfele for gjestene, noko som fall i svært god smak. Det blei både mat og underhaldning.  Denne hendinga var nok startskotet til meir gjester og meir turisme på Selstali.  Kulturutvalet i Norsk Hydro AS kom tilbake til Selstali fleire gonger.

 

Behov for meir plass

Sommaren 1989 var alt klart til innflytting i den nye «privaten».  Med nytt kjøkken, ny komfyr med 4 propanbluss og steikeomn, vaskerom, soverom og hems med 3 sengeplassar, fekk staulslivet ein ny og romslegare kvardag. Sjefsbudeia fekk eige soverom og hjelparane fekk plass på hemsen. Nanfrid søkte no kommunen om serveringsløyve og fekk det.  Det gamle kjøkkenet i Gamlebu blei tatt ut og erstatta med langbord til servering av gjester.

Nytt toalett med innlagt vatn til handvask blei sett opp 1993.  Det blei også bygd eit lite grisehus og midt på sommaren var to smågrisar på plass.  Desse levde eit godt liv og sette tydeleg pris på restane frå både matbord og produksjon. Gjestane likte også møte med grisane.

Så kom EØS avtala med forbod mot omsetting av upasteuriserte mjølkeprodukt.  Det vil si at den tradisjonelle seterproduksjon slik som utøvd i alle år, ikkje lenger var tillat.  Dette blei oppfatta som ganske dramatisk av Næringsmiddeltilsynet som hadde kvalitetskontollen også med seterproduserte varer for sal.  Istaden for å «setje lås på seterdør» sto Næringsmiddeltilsynet i 1993 i spissen for eit treårig prosjekt der den bakteriologiske tilstanden i lokalt foredla matvarer av upasteurisert mjølk skulle dokumenterast.  Referansen var tilsvarande varer framstilt industrielt.  Selstali var saman med fleire tilsvarande aktørar med i prosjektet og prøver blei tatt ut med 14 dagars mellomrom.  Prøveresultata var bra, noko som i neste omgang opna for norsk unnatak i EØS avtala.  Setertradisjon kunne halde fram, men med krav til eigen dokumentsjon av kvalitet.  Denne dokumentasjonen var viktig å ha på plass når Næringsmiddeltilsynet og seinare Mattilsynet kom på kontroll.

Trafikken til Selstali auka.  Spørsmål om overnatting kom stadig oftare.  Det var feriefolk, barnefamiliar og ikkje minst sportsfiskarar som ønskte overnatting. Hytteplan var på gang og i 1996 blei den første laftehyta sett opp i utkanten av staulsvollen.  Hytta fekk namnet «Kongebu» og to år seinare kom tvillinghytta «Trollbu»

Konge og dronningbesøk

Sommaren 1996 var det planlagt offisielt besøk av kongen og dronninga til øvre Telemark.  Dei skulle besøke kommunane Seljord, Hjartdal, Tinn og Vinje. Selstali fekk førspurnad om å servere eit måltid med ekte setermat når dei var på tur frå Tinn og vestover til Vinje. Selstali svara ja til dette og ei litt uvanleg planlegging var i gang.»

Den 17.august 1996 var dagen for kongebesøk. Flaggstanga var smykka med det norske flagg. Eldre budeier i Tinn var inviterte. Det var Signe Grov, Ingebjørg Veåsen, Lydia Bjøtuft, Gro Brekka, Aslaug Midtgarden og Margit Røysland. Alle var bunadskleddde.

Vertsfolket Nanfrid og Sigmund ikledde seg bunad og var klar til å ta imot eksklusivt besøk. Det var solskin frå blå himmel da Volvo-limusinen med norske flagg kom sakte forbi Terikken og stansa på parkeringsplassen ved fjøset.  Oppe på Terikken sto den blinde organisten Per Spilling med lur og helsa kongeparet med magiske tonar som fylte dalen. Nanfrid og Sigmund sto ved fjøset og ønskte Kong Harald og Dronning Sonja velkomen til stauls. Vandringa ned mot staulsbua blei møtt av mange menneskje.  Arne Olesrud spela fele, barn overrekte markblomar og forventningsfulle budeier såg at Kong Harald og Dronning Sonja nærma seg.  Møtet med folka og budeiene var nært og varmt.  Kongen og Dronninga var nesten som «vanlege» folk. Måltidet med ekte setermat fall i smak.  Praten rundt bordet gjekk lett på både skjemt og alvor.

For Selstali sin del var nok oppummeringa denne dagen gjort best av NRK dagsrevyen som skildra opphaldet på Selstali som dagens høgdepunkt og var som «tatt rett ut av eit prospektkort».

«Kjerringsveiven» 1999-2012. I regi av ein entusiastisk damegjeng blei denne fjellmarsjen for jenter realisert i 1999. Marsjen gjekk frå Svineroe til Selstali, ein tur på om lag 8km.  Tidspunkt for arrangementet var alltid første laurdag i september.  Talet på deltakarar svinga mellom 1000 det første året og på det meste var det 2800 som gjekk sveiven.  Det var liv i Gausdalen og Selstali når damene inntok staulsvollen der damene fekk kjøpt rømmegraut, sauplapp, kaffi og brus. Det var underhaldning frå eiga scene og bussar gjekk i skytteltrafikk mellom Selstali og Rjukan.  På det meste var det 64 avgangar frå Selstali.  

Kjerringsveiven 2010 blei litt spesiell.  Damene som sto bak «sveiven» hadde nært samarbeid med Guatemala.  Til «sveiven» denne gongen var det invitert gjester frå Guatemalia.  Blant gjestene var fredsprisvinnar i 1992 Rigoberta Menchu. For oss på Selstali var det eit sterkt møte med ein sterk person. I samtalene gav ho ei kort innføring om kreftene i naturen rundt oss og spesielt den positive energien frå majestetiske Gaustatoppen. Samhandling mellom natur og menneskje fekk ein ny dimensjon.

Det var mykje arbeid knytt til «Kjerringsveiven».  Dette store arrangementet kom på slutten av ein travel seterperiode.  Etter 14 sesongar var det nok for Selstali.  «Kjerringsveiven» flytta da marsjen frå Rjukan Fjellstue til Gvepseborg.

Med nye krav til drikkevatn måtte Selstali finne ny vasskjelde.  Sommaren 2000 blei det drege ut 300m ny slange frå Tjønnset oppover mot Gaustatoppen til ny vassolle.  Her rann det smeltevatn frå permafrosten i Gaustafjell rett ut av berget.  Vassanalysene synte topp kvalitet og mengde vatn var upåvirka av nedbør eller tørke.

Sommaren 2001 blei det tatt i bruk eit nytt og større aggregat med effekt på 18kW og eit lågt lydnivå. No var det straum til mange funksjonar, mellom anna til scenemusikken og steiketakkene på «Kjerringsveiven» og enda meir.

TV2 og «Gutta på tur» (Bjørn Dæhli, Vegard Ulvang, Arne Hjeltnes og Arne Brimi) besøkte Selstali 7.aug. 2001.  Gjest var Claus Helberg og målet for TV programmet var å følgje sabotørhelten på hans favorittreise til Gaustatoppen. Kokken Arne Brimi sto vanlegvis for mat og servering i desse programma. På Selstali var det Nanfrid som sto for rømmegrauten og serveringa.

I «God morgen» på TV 2 var Nanfrid gjest 26.sept 2001.. Wenche Andersen var programansvarleg og praten gjekk på seter og setermat.  Dette var god reklame for Selstali.

Vollen på Selstali blei grøfta i 2002. I nedbørsrike periodar blei den myrlende vollen ubehageleg blaut.  Dreneringa gav eit mykje tørrare uteområde. Det blei også grave rundt staulsbua.  Myrjord blei skifta ut med tunellmasse og pukk og det blei det støypt ringmur til fundament for ei større staulsbu. 

I 2004 var Næringsmiddeltilsynet blitt til Mattilsynet og 6.september var deira første besøk på Selstali.  Resultatet var fleire permar og auka krav til dokumentasjon. Næringsmiddeltilsynet på Rjukan blei lagt ned.
Med ny «vannforskrift» måtte alt drikkevatn og vatn til produksjon gå gjennom ein rensingsprosess (barriere). Mattilsynet foreslo bygging av klorfilter.  Brukt i produksjon ville dette vatnet tatt knekken på dei bakteriane som gjer setermaten til setermat. Det blei difor  i spesialbygd eige aggregatstyrt UV-anlegg med trykktank på 400 liter. Topp vasskvalitet blei «enda betre».

«Privaten» fekk tilbygg mot sør på om lag 40m2.  Tilbygget fekk namnet «Jentefløyen» for no blei hemsen som sengeplass erstatta av eige soverom for jentene som var sommarhjelp.  I tillegg var det plass til nytt bad, toalett, el-rom og rekvisitarom.  Dette blei tatt i bruk 2005.

Nytt produksjonsrom og serveringsrom på om lag 100kvm sto klart til bruk i 2006.  All produksjon var skild frå gjestetrafikken og no kunne det dekkjast bord til 60 personar.  Denne kapasiteten har vore god å ha når reiseselskap og andre lag ønskte staulstur og staulsoppleving til Selstali.

 

Femte generasjon: 2016 – Marit Røysland og Håvard Vågen

Garden Røysland blei i 2016 overført til  dotter Marit Røysland.  Ho blei gift med Håvard Vågen.  Dei fekk barna Marte og Kristin.  Nanfrid held fram som sjefsbudeie på Selstali til 2020 da Marit for alvor tok over dette ansvaret. Marte og Kristin er flinke medhjelparar og har blitt dyktige «småbudeier». Håvard er dyktig med dyr, dugande snikkar og får til det meste og er der når det trengst.

I 2019 søkte Marit om serveringsbevilling på øl og vin. Selstali Seter tilbyr no rømmegraut, rømme, smør, prim, heimebaka brau og spekemat.  Er du i tillegg tørst, finst det alternativ. Selstali Seter er rigga for framtida.

Staulen gjev sommarbeite til dyra, tradisjonar går i arv, særeigne seterprodukt blir laga, gjestene likar det, gjestene likar maten, gjestene likar kontakt med dyra, gjestene likar kulturhistoria, gjestene likar alt.
På staulen er bonden høgt verdsett.  På staulen er bonden «konge».

Marit og Håvard er dagens vertskap

Oppsummert: Selstali Seter ligger på solsiden av Gaustatoppen og har over 100 års familietradisjon. Det startet med Helge og Olav Tovsen Asland som drev setra fra 1900 til 1916. Deretter tok Signe og Tov Asland over og drev setra frem til 1957. Etter en periode med stillstand ble driften gjenopptatt i 1974 av Margit og Knut Røysland, som også startet med turisme. Senere tok Nanfrid og Sigmund Røysland over, og setra har siden utviklet seg til å inkludere servering av tradisjonell setermat og overnatting.